Hemsedal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
 


Sorg
Sorg

 

"Det hjelper å snakke om det"

- ein stad å dele sorgen

 

 

 

 

 

 

 

Nokon å snakke med
Menneskelivet  er slik at vi alle før eller sidan opplever sorg. Sorg er ikkje ein sjukdom, men ein naturleg og sunn reaksjon på å miste ein som står ein nær. Når ein opplever tap, kan det vere godt å snakke og dele med andre som har vore i
liknande situasjon. Sorggruppe kan vere ei stad der ein kan få mogelegheit til å kome saman og dele med kvarandre.

 

Sorgens mange spørsmål

 – Har eg for mange / for få kjensler?

 – Kor lenge «skal» eg sørgje?

 – Kva er «normal» sorg?

 

Nokon vanlege reaksjonar er:

 – Konstant trøytt

 – Konsentrasjonsvanskar

 – Kjenne seg einsam

 – Sårbarheit

 – Hukommelsesvanskar

 – Miste interesse for det som før var spennande og morosamt       

    å gjere.

 

Det finst tusen spørsmål utan enkle svar, fordi vi menneska møter tapserfaringane på ulikt vis. Det er ingen riktig eller gal måte å sørgje på. Det som vil vere felles for alle er at vi ber med oss tapserfaringane vidare i livet. Disse kjenslene kan ein
arbeide med, men det kan ta tid - og mykje lengre tid  enn
omgjevnadene og du sjølv trur. Då kan det vere godt å kome
saman med andre.

 

 

Sorggrupper i kyrkjeleg regi
Den norske kyrkje i Hemsedal tilbyr sorggrupper.
Gruppene er opne for alle, uansett verdi- og livssyn!

Hensikta med samlingane er at deltakarane skal kunne dele si sorg og lytte til kvarandre, og på den måten vere til gjensidig hjelp og støtte.

Gruppa består vanlegvis av 4-8 deltakare som møtast
regelmessig. Gruppa byggjer på gjensidig hjelp og fellesskap,
og er ikkje terapi eller behandling!

 

Vi starter nye grupper så fort vi har nok deltakere. Gruppene ledast av prest og/eller frivillige som har kompetanse og erfaring innan sorgarbeid.

 

Ta kontakt med kyrkjekontoret eller presten om du ynskjer å vera med i ei sorggruppe eller ynskjer ein prat med presten.

 

 

 

For spørsmål om sorggruppe og påmelding ta kontakt med kyrkjeverja eller soknepresten:

Kyrkjeverje Kjetil Storebraaten

Tlf: 31 40 88 45/ 411 26 321

E-mail: kjetil@hemsedal.kommune.no

 

Sokneprest Camilla Osnes

Tlf: 31 40 88 46/ 977 15 677

E-mail: camilla.osnes@hemsedal.kommune.no

 

 



7. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 kyrkja i Hemsedal Powered by Agrando