Hemsedal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
 


informasjon om konfirmasjonstida
informasjon om konfirmasjonstida

Konfirmasjonen i kyrkja handlar om å utforske kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Du treng ikkje vera sikker eller ha alle svara klare.
Saman skal vi utforske disse spørsmåla! 
Du er velkomen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur, tvilar eller berre er nyfiken!

Konfirmasjondato 2020: 23 og 24 mai

Konfirmasjon i 2020 blir p.g.a. koronaviruset flytta til hausten 2020.

Nye datoar: Hemsedal Kyrkje 20 september kl 11.00 (viss smittervernreglar krev to messer blir desse kl. 10.00 og 12.00)

Hemsedal Kyrkje 27 september kl 11.00 (viss smittervernreglar krev to messer blir desse kl. 10.00 og 12.00)

 

Konfirmasjondato 2021: 22 og 23 mai

Antall konfirmantar avgjer om det blir ein eller to gudstenester.

 

 

I konfirmasjonstida får du lære om Gud og deg sjølv.
Vi snakkar om livet - på godt og vondt. 
Det er tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. 
Samstundes får du mange nye opplevingar saman med nye og gamle venar.

 

I løype av konfirmasjonstida skal saman utforske ulike temaer: 
Kvar kjem eg frå?
Kva skal eg bruke livet til?
Vennskap og menneskeverd.  
Sorg og glede.

Kjærleik, seksualitet og samliv.
Klima, miljø og rettferd.
Finst Gud?
Kven er Jesus?  
Korleis kan eg vere noko for andre?

 


 

 

KONFIRMANTSAMLING

Konfirmantida varar frå oktober 2020 til mai 2021. Vi samlast ca. ein til to tysdagar  i månaden. I tillegg kjem andre arrangement og gudstenesta. Samlingane vil vera i kyrkja, på kyrkjestugu eller ute.

 

 

KONFIRMANTLEIR

Ved sida av samlingane reiser vi òg på HEKTA konfirmantleir 7.-9. feb. i Håkons Hall på Lillehammer. I tre dagar vil det myldre av liv når over 1000 ungdommar møtast til leik, spennande aktiviteter, heftig sceneshow og fellesskap. Dette blir garantert ein oppleving du vil leve lenge på!

KONFIRMANTFESTIVAL
Konfirmantfestival er det som tidligare vert kalla Nattcup. Vi samlast konfirmantar frå heile Hallingdal ein laurdag i feb/mars på Gol. På festivalen skal vi vera med på innebandyturnering eller delta på ulike seminar innan dans, drama, musikk. Vi skal ha solidaritetstivoli, der vi samlar inn pengar til KFUK Bangladesh  og avsluttar kvelden med gudsteneste samen.

 

 

 

 

 

 

EG ER IKKJE DØYPT – KAN EG KONFIRMERAST?
Du er velkomen til å delta i konfirmantopplegget sjølv om du ikkje er døypt.
Dåpen er ein føresetnad for å delta i den avsluttande forbønnsgudstenesta.
Kvart år er det konfirmantar som blir døypte.
Det er som regel elevar i 9. klassetrinn som er konfirmantar, men vi kan også tilretteleggja undervisningsopplegg for andre aldersgrupper.

 

DELTAGERAVGIFT:
Det kostar 1100kr å vera med på konfirmasjon i kyrkja. Dette dekker alle samlingane, konfirmantleir og konfirmantfestival. Dersom du ikkje har mogelegheit til å betale skal ikkje dette vera ei hindring til å delta på konfirmasjon. Då vil kyrkja støtte økonomisk.

 

Klikk her for påmelding til konfirmasjon 2021

 

Har du særskilde behov? Ta kontakt med oss snarast mogeleg, så legg vi til rette i samarbeid med dykk.
kyrkjekontoret@hemsedal.kommune.no/ 31 40 88 48

 

Sjekk ut konfirmant.no  for ulike filmklipp og anna informasjon om konfirmasjon i Den norske kyrkje!



28. september 2020 | Logg inn | Copyright 2020 kyrkja i Hemsedal Powered by Agrando
izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort