Hemsedal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
 


Informasjon om gravferd
Informasjon om gravferd

Gravferd

 
 
Det er vondt å miste nokon ein er glad i. Når nokon døyr er det mange tankar og følelsar som veller opp. Midt i dette er det mye som må ordnast på kort tid, og ein god del avgjersler som må tas. På denne sida vil du kunne finne litt hjelp til det som dreier seg om gravferda i kyrkja.
 
 
 
 
 
 
 
Gravferd – livets avskjed
Gravferda har stor betyding for ei reell følelsesmessig avskjed med den avdøde. Saman med ei eventuell båreandakt og det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Minneord, kransepålegging, musikk, lystenning, og i kyrkjelege samanhenger skriftlesing og bønner, gir dei som er med moglegheit til å markere gravferda som en viktig hending i familien og vennekretsen. 
 
Ei gravferd er noko kyrkja organiserer på vegne av kommunen. Alle innbyggjarar i kommunen har rett på ei gratis gravferd uavhengig av livssyn og religion. Om ein ynskjer ei kyrkjeleg gravferd planlegg ein dette i samarbeid med presten. Viss ikkje så forheld ein seg berre til kyrkjeverja og eventuelt eige trus- og livssynssamfunn.
 
Planlegginga
Ein sorgsituasjon kjem ofte uventa. Midt i sorga skal gravferd og mange praktiske spørsmål avklarast og tilretteleggjast. Smerte og sakn etter den som er borte, blir ofte blanda med takksemd og ynskje om å få ære den døde med ei verdig gravferd.
 
Etter dødsfallet bør ein straks ta kontakt med eit gravferdsbyrå, eventuelt kyrkjekontoret for å få fastsett tidspunktet for gravferda eller bisettinga. Byrået formidlar kontakt med involverte partar og hjelper til med dei fleste praktiske oppgåver knytt til båremottak og gravferd. Det er likevel ingen ting i vegen for at ein kan ta hand om desse oppgåvene sjølv. Kyrkjekontoret kan hjelpe til.
 
Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den/dei pårørande blir anbefalt å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva av førebuingane ein ynskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og kyrkjeverje være gode samtalepartnarar. I Hallingdal er det i dag fleire gravferdsbyrå og ein kan sjølv velje kven av desse ein ynskjar å nytte. Kostnaden til gravferdsbyrået er avhengig av kor mange tenester dei utfører.
 
Dødsfall i familien
Dei pårørande skal så snart som mogleg melde dødsfallet til lensmannen på dødsstaden. Lege/sjukehus skriv ut dødsattest.
 
Til deg som skal ordne med gravferda
I samsvar med gravferdslova er det ein person som skal sørgje for gravferda. Familien/pårørande må bli samde om kven som skal vere ansvarleg. Rettleiing om kven som kan sørgje for gravferda, får du hjå gravferdsbyrået eller på kyrkjekontoret.
 
Gravferd eller kremasjon
Gravferdsbyrået, presten eller kyrkjeverja kan gje deg råd i valet mellom kremasjon og kistegravlegging. Person som er fylt 15 år kan ved skriftleg og datert erklæring ta avgjerd om kremasjon. Dersom det ikkje finst slik erklæring, kan den som sørgjer for gravferda likevel ta avgjerd om kremasjon, med mindre det er kjent at kremasjon var i strid med den døde si religiøse overtyding eller ynskje.
 
Gol og Hemsedal kommune har avtale med Drammen krematorium. Ved kremasjon, er det vanleg å ha bisetting her, før båra blir transportert til krematoriet. Urna blir teken vare på i krematoriet eller i den kommunen der nedsetting seinare skal skje, og blir ikkje utlevert til andre enn kyrkjeverja. Pårørande må sjølve betale kremasjonsavgifta som er på 3.315 kr (2017 priser).
 
Frist for gravlegging
Gravlegging må etter dagens lov skje seinast 8 virkedagar etter dødsfallet. I Gol og Hemsedal har vi gravferd onsdagar og fredagar kl. 11.00 eller 13.30. Etter kremasjon skal gravlegging skje seinast 6 månader etter dødsfallet. Pårørande kontaktar kyrkjeverja og avtalar tidspunkt for urnenedsetjing.
 
Oskespreiing
Personar som ynskjer det/ pårørande kan søke Fylkesmannen om oskespreiing. For nærare informasjon og skjema klikk her. Søknad om oskespreiing.
 
Før gravferda
Samtal med nokon du/de har tillit til om kor mykje du/de sjølv vil ta ansvar for i samband med gravferda og kva du/de vil bruke eit byrå til.
 
Ta kontakt med aktuelle i familie og blant venner for å avklare forslag til dato for gravferd. Det er kyrkjeverja som fastset endeleg tidspunkt ut frå kva som er praktisk mogleg.
 
Følgjande kan avtalast saman med gravferdbyrået, prest og/eller det bli sett opp av pårørande sjølv:
  • Dødsannonse og kontakt med avis(er) 
  • Ordninga for gravferda. (salmar, kven som skal ha minneord, om og eventuelt kven som skal synge solo, spele, lese skriftord, tenne lys eller be bønner i gravferda). Dette kan samrådast med gravferdsbyrået, prest og organist.
  • Trykking av hefte med salmane- Korleis skal heftet sjå ut, kvem skal printe det ut og kor mange hefter skal printast ut?
  • Om og eventuelt kor mange kranspåleggingar det skal vera
  • Kva slags blomar som skal brukast.
  • Om det skal være takkegåve og/eller blomar.
  • Om det skal vera anledning til å sende blomar til heimen
  • Bærarar, normalt seks personar, gjerne av begge kjønn
  • Viss det er ynskjeleg med minnesamling, ta kontakt med venner som kan hjelpe til viss ikkje det er naturleg at byrået ordnar det praktiske som lokale, mat og pynting.
  • Der det er gravstøtte frå før, kan pårørande gjerne drøfte ny inskripsjon i samband med planlegging av gravferda. Dette spørsmålet kan også vente til tida etter gravferda. T gjerne kontakt med kyrkjeverje.
  • Sjekk tøyet som skal brukast i gravferda for deg og dei du har ansvar for i god tid før gravferda, slik at dette ikkje stressar deg dagen før. 
  • Førebu deg/dykk på samtalen med prest, finn fram minner, hendingar, viktige bibelord og liknande som betyr noko spesielt og som bør vera med i minnetalen. Ikkje ver redd for å be om fleire sørgjesamtalar eller ta kontakt med presten pr. telefon og e-post fram mot gravferda viss det er behov for dette.
 
På gravferdsdagen
På sjølve gravferdsdagen bør andre enn dei næraste ha ansvar for dei siste førebuingane til minnesamlinga.
Barn i ulik aldrar er no med i gravferder. Mindre barn har den gåva at dei skiftar sinn og opplevingar ganske raskt. Sjølv om gravferdsdagen er en spesiell dag, kan det leggjast til rette for at barna får høve til å leike og får allminneleg oppmerksomheit. 
 
Viss det er noko ein blir uroleg for eller ynskjer å endre like før gravferda, kan ein kontakte byrå, kyrkjetenar eller prest. Vanlegvis kjem presten inn og kondolerer dei næraste når klokkene ringer gravferda inn. 
Kyrkje og kapell er stader for fridom. Presten leier seremonien. Som pårørande skal ein tillate seg sjølv å delta følelsesmessig i sjølve seremonien slik det fell naturleg. Det kan vera godt å minne seg sjølv og andre på at ei gravferd ikkje er ei hending der ein skal vise fram kor flink ein er eller ta seg saman. 
Senking av kista er for mange den mest dramatiske hendinga. Nokon som ikkje heilt har kome i gang med sorgreaksjonane, får hjelp til å gråte og kjenne på fortvilelsen nettopp ved ei ope grav. Særleg barn og unge opplever det som viktig å få leggje ein blome på kista ute på gravlunden. Dette bør skje før kista blir senka. 
På gravlunden er det den døde som går frå dei levande, ikkje omvendt. Det er derfor helt naturlrg å bruke tid på gravlunden til å kondolere, snakke saman og etter kvart saman gå vidare anten heim eller til minnesamlinga.
 
Adresser og tlf nr:
 
Hemsedal gravferdsbyrå 
Olav Støyten  Tlf: 97414100 / 97574742
 
Gol gravferdsbyrå 
Bente Andreassen Tlf: 32 07 75 51 / 90937800
 
Hallingdal gravferdsbyrå 
Steinar Aa Tlf: 32 08 23 00 / 91706250
 
Meir om gravferd kan du finne den norske kyrkja si heimeside  - https://kirken.no/nb-NO/gravferd/


7. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 kyrkja i Hemsedal Powered by Agrando